10. apr. 2013

Ferdamat


Eg lèt deg stå åleine

du stod med ryggen mot

med augene vendt bort frå alt det trygge.



Du visste ikkje kvifor

men gjekk alikevel

demonen min lo latteren, den stygge.



«No går ho, og kjem ikkje

attende meir til deg

no har du brent den alle siste brua!»



Då snudde du og såg meg

med blikket fylt av mot

og eg forstod at vi stod stødt i trua.



Slik er det kanskje berre

det band som saman bitt

ei mor og hennar spire, sjølv den minste.



Demonar har vi alle

dei sit i kvar ei krå

og freistar skape uro i ditt inste.



Slik stod vi då, vi begge

med avstand kun som tàl,

og såg kvarandre gå mot eigne lykker.



Og nett då klarna dagen

med sol som sveipte land

og min demon han sprakk og gjekk istykker.



No veit eg at di framtid

er tufta stødt mot fjell

fordi eg gav deg luft nok til å freiste.



Du svara på din fridom

med å ha trua med

på ferda, på den vègen dit du reiste.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar