6. juni 2011

Skòddeband

Skòdda ligg som band kring land, luftig-seig med tòlmod i.
Klebar seg som kvaehand, legg seg over, rundt-forbi.
Pressar tinninga mi heilt inn- trykkjer, mel og tygg!
Og mitt indre gjeng i spinn...ståket opp seg bygg!!
At litt fukt kan gjera slikt, kveste slik mitt åk.
Skòdda gjev oss dårleg sikt...vòna er ei råk!!
Redninga kjem ifrå Nord, pløger veg i snerk.
Blès vekk fukta over fjord...vekk med hovudverk!

MEG

Utanpå er eg ei jente,ho med smilet alltid på.
Sjølv når eg har sintedagar-trur eg ikkje du kan sjå..
...at eg faktisk ikkje BERRE-er ho blide,ho med smil.
Men ei anna som bur INNI-ho er rampete med stil!
Begge to er meg forstår du,men-dei byter ofte plass.
Te i koppar til den eine,til den andre: vin i glass!
Eg er Gemini,ein Tvilling-ofte lyt eg skifta hàm.
Ein dag snill og mest forstandig,neste dag er eg infam!
Når eg skin frå begge sider,kan eg gå med støe steg.
Då er kroppen i balanse-det du ser er faktisk MEG .