10. jan. 2012

Ein+Ein=Berre Ein!!

Med seige armar tok du meg
og heldt di makt so fast.
Eg kunne ikkje gå frå deg
du var mi siste last.
I dine auge såg eg gøymd
som ingen visste om.
Den låg der, einsam og litt gløymd
og trudde ingen kom.
"Kva vil du meg?"- sa stemma di
den brast og gjekk i tu.
"Eg har vel ingenting å gi-
so gå din veg, og snu!!"
Men roleg strauk eg sjela di
og ba deg halda meg.
"Eg vil at du skal vera MI,
og aldri gå"- sa eg!
Med blikket fyld av motsetnad
du smaug di arm kring meg.
At du heldt meg, var alt eg bad
..no ser eg at du dreg.
Ditt mot var ikkje større enn
at du kom, tok- og gjekk.
No sit eg einsam att- igjen
di makt var alt eg fekk..
Styr kursen heim til hjartet ditt
du vesle, såre hùg.
Du har ein flik av hjartet mitt
..du veit det, ikkje jug!
Om du held blikket vendt mot hit
skal eg sjå rakt din veg.
Og gje deg sjangsen til ein bit
for eg har mot til deg!

Motivasjon

Ho sa til han: "Din til døden!"
Rak i blikket, hjartet brann.
Åra gjekk, og også gløden-
lovnader i gløymda svann.
Kva er det som gjer oss svake,
når vi bygde sterke er?
Trua ligg som sild i lake-
marinert med håpets bær.
Er det vanskeleg å lova?
Er det altfor lett å gå?
Somme håp stend attom nòva-
ventande på tru å få.
Din til døden er for alltid.
Kast det ikkje lett på hand.
Kjærleiken er seig og fotsid-
men er òg som fisk på land.
Plei din neste som ditt eige,
ikkje tenk for mykje fram.
Kjenn på hjarteslaga- seige,
ikkje kjenn på frykta- klam!
Stå med begge fotblad planta.
Stå i dèt som lukka gjev.
Håpet gjer at inkje vantar,
om du freistar strid og strev.
Betre enn å lova "EVIG!" -
er å lova "Her og no!"
For vi har eit liv med tilsig,
NO, er lukka for oss to!!